Overnatting ved Hardangerfjorden
Vågen rom og hytteutleige ligg i Vikøy i Hardanger, 3,5 km frå Norheimsund sentrum. Feriebustadane er på eit småbruk som dyrkar juletre og frukt. Vi har to feriehus, ei hytte og ei leilegheit. Alle einingane er fullt utstyrte og har eigen inngang. Vi har heilårsope, og tilbyr overnatting både til turistar og verksemder som treng bustad til arbeidarar. Vågen rom og hytteutleige har tilsaman 34 sengeplassar og kan også nyttast av større grupper som familiar, idrettslag o.l. som ynskjer å bu samla. Hund/dyr er ikkje tillat.
Velkommen til oss! |
FJORDGLIMT
Leilegheit for 1-5 personar. Meir om leilegheita. |
Følg oss på Facebook :-)
|
|