Vågen rom og hytteutleige er eit godt utgangspunkt for opplevingar iHardanger ogBergen! Bur du hos oss er du rett ved fin sykkelveg til Norheimsund sentrum,Steinsdalsfossen og Øystese. Feriebustadane ligg og nær fjordkanten med offentlig tilgjengeleg strandområde, rulleskøytebane og leikeområde for barn. Du får og direkte tilgang til turterreng i skog, til flotte fjellvatn, eller til toppar som Slåttenuten/Masta (736 moh.) med fantastisk utsyn over Hardangerfjorden
SteinsdalsfossenogHardanger fartøyvernsenterer dei mest kjende attraksjonane i nærområdet. Du kan gå bak Steinsdalsfossen uten å bli våt! Ved fossen er det turistinformasjon og kafé. Det maritime museet Hardanger fartøyvernsenter ligg i Norheimsund sentrum.Her er verkstadar, utstillingar, aktivitetsområde for barn og kafé. Frå Norheimsund kai kan du om sommaren bli medNorheimsund RIB Seafari på daglege ribbturar, eller dagstur medHardangerfjord Sightseeing som er ei dagleg båtrute mellom Norheimsund og Eidfjord. Denne båten har og anløp i Herand, Utne Kinsarvik, Lofthus og Ulvik. I Eidfjord korresponderer ruta med buss-sightseeing til Norsk Natursenter Hardangerog Vøringsfossen
Vågen rom og hytteutleige er og eit godt utgangspunkt for dagstur tilBergen. Det tar ca. 75 min. med bil frå Norheimsund til Bergen sentrum. Eit godt alternativ er å reise kollektivt med buss. Skyss bussrutene925 og930har fleire daglege avgangar tur/retur Norheimsund-Bergen.
Du kan bu hos oss og gå turen til den kjende fjellformasjonen Trolltunga. Beregna reisetid til startpunktet er 1 time og 45 min. Avstanden er ca. 67 km, og del av strekninga er ferja mellomTørvikbygd-Jondal.